Kulturminnedag på Herøy Kystmuseum

Publisert: 2018-09-12 09:32:28 av Stiftinga Sunnmøre Museum
  • Skriv ut
Foto: Herøy Kystmuseum

Vil du verte betre kjend med Herøy gard si historie og sjå og oppleve vår gamle kystkultur?
Gjennom Guri Aasen si vandreforteling «Anna Olava, den gløymde husfrua på herøy gard» kl. 12.30 og 13.30 i hovudhuset, vert me kjende med kvinna som har gjeve namn til jekta og som i i 14 år var husfrue på Herøy gard i stordomstida til handelsstaden.
I sjøbuda syner Håvard Hatløy dei gamle sunnmørske klinkbygde båtane si historie. Her vert det også teiknebord og plakatutstillinga «Typisk Norsk – ikkje berre norsk». Cecilie Rørstad og Ingvill Naalsund syner sauen som ressurs. Vi syr skinnfellar og viser korleis ull og garn vert farga med plantar.
Museumskafé med sal av vafler, kaffi, te og brus i gamlebutikken.
I steinhuset viser Marit Moltu sin kunstinstallasjon til minne om den gamle kyrkja på Herøy.
Ute er det stylter, hesteskokasting og hoppetau.
Sunnmørsjekta «Anna Olava» ligg ved kaia og det vert høve til å gå om bord.

Born kr. 30 - Vaksne kr. 70- Honnør/student kr. 50

Hovedarrangør
Stiftinga Sunnmøre Museum
Samarbeidsarrangører
  • Herøy kommune
Tidspunkt:
15. sep 2018 12:00
Sted:
Herøy Gard, Herøy, Møre og Romsdal
Stort kart