Norsk Kulturarv

Norsk Kulturarv er ein ideell, nasjonal stiftelse oppretta i 1993 av Oppland fylkeskommune med 29 innskytarar av eigenkapital frå offentleg og privat sektor i nært samarbeid med Kommunal- og arbeidsdepartementet.

Norsk Kulturarvs visjon er «Vern gjennom bruk». Organisasjonen har bedrifter, organisasjonar og enkeltpersonar som medlemmer, i alt rundt 2 500. Norsk Kulturarv eig og forvaltar kvalitetsmerket Olavsrosa, og skal

  • ivareta interessene til eigarar og brukarar av freda og verneverdige kulturminne
  • delta aktivt i forsvarleg næringsutnytting av kulturarven
  • gjennom økonomisk og fagleg hjelp drive aktivt kulturminnevern over heile landet.

Norsk Kulturarv gjennomfører praktiske tiltak i samarbeid med offentlege styremakter og privat næringsliv. Aksjonane «Rydd eit kulturminne», «Tak eit tak», fleire kulturlandskapsprosjekt, kommunesamarbeid og profilering av kulturarvopplevingar gjennom www.olavsrosa.no og reisehandboka Veiviseren er eksempel på dette.

Dotterselskapet Senter for Bygdekultur (SFB) utdannar handverkarar innan tradisjonelle teknikkar og materialbruk. Handverkskolen gir kompetansegivande kurs til ungdom og vaksne som vil utdanne seg i treskjering.

Norsk Kulturarv distribuerer magasinet Kulturarven fire gonger i året, til bl.a. medlemmer, samarbeidskommunar, andre sentrale offentlege instansar og ulike samarbeidspartnarar elles.

www.kulturarv.no
www.olavsrosa.no
www.kulturlandskap.net