Falkefangst på Falkhytten

Publisert: 2018-07-05 11:44:01 av Aukra kommune
  • Skriv ut

Falkefangst var ei viktig næring i Noreg frå tidleg middelalder. Det var falkefangstanlegg mange stader i Noreg, også på Aukra. Dette er eit lite kjent tema, så på kulturminnedagen vert det ei historisk orientering om falkefangsten. Det vert også avduka eit informasjonsskilt i samband med dette. Kulturminnevandringa på området vil vere der falkefangsthytta låg og fangsten skjedde. I oktober vert det eit arrangement i samarbeid med biblioteket, der ein ekspert på falkefangst og falkonering skal halde foredrag. Det blir også ei utstilling om temaet. Falkefangst har hatt stor betydning både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Falkonering er no på UNESCO si verdsarvliste, noko som også gjer det til eit ekstra spennande tema.

Hovedarrangør
Aukra kommune
Tidspunkt:
9. sep 2018 12.00
Sted:
Falkhytten, Aukra, Møre og Romsdal
Stort kart