Falkefangst på Falkhytten

Publisert: 2018-08-13 09:53:57 av Aukra kommune
  • Skriv ut

Kvifor heiter det Falkhytten i sentrum av Aukra? Det er fordi det vart fanga falk her.Falkefangst har skjedd mange stader i Noreg, tilbake til mellomalderen og endå tidlegare. Falk vart brukt av adel og kongehus i Europa når dei jakta, og norsk falk var ein ressurs av stor verdi. Kunnskap om dette er lite kjent i Aukrasamfunnet, så gjennom dette temaet på kulturminnedagen vil ein formidle meir av dette spanande temaet. Kulturminnevandringa, som er kombinert med ordførartur, vil skje i området der falkefangsten skjedde. Det ligg tett opp til skole og omsorgssenter, så målet er å nå både ungt og gamalt publikum. Det vil bli avduka eit informasjonsskilt om falkonering, og i oktober vil det bli eit arrangement i samarbeid med biblioteket, med foredrag av ein fagperson på området. Slik vil ein koble lokalhistorie med nasjonal og internasjonal historie. Falkonering er på UNESCO si verdsarvliste, så det gjer jo også temaet ekstra interessant.

Hovedarrangør
Aukra kommune
Tidspunkt:
9. sep 2018 12.00
Sted:
Falkhytten, Aukra, Møre og Romsdal