Mitt afrikanske DNA

Publisert: 2018-07-02 09:23:40 av Volda vidaregåande skule
  • Skriv ut
Foto: FOTO: TERJE ENGÅS / SUNNMØRSPOSTEN

Tre lektorar ved Volda vgs vil fortelje korleis dei i to år har nytta kyrkjebøker, bioteknologi og historiefaget når Vg3-elevane har jobba med temaet innvandring til Sunnmøre. Prosjektet «Mitt afrikanske DNA» gjer det mogleg for elevane å kartlegge kva rute forfedrane har vandra frå Sentral-Afrika til Sunnmøre. Nokre av vandringsrutene er 10 000 år, medan andre er eit par år gamle. Biletet som DNA-testinga viser, uansett etnisk opphav, er prega av eit stort mangfald og mange felles kryssingspunkt. Førestillingar om det å vere etnisk norsk står for fall.

Hovedarrangør
Volda vidaregåande skule
Samarbeidsarrangører
  • Kulturavdelinga ved MogR fylkeskommune
Tidspunkt:
13. sep 2018 18:30
Sted:
Volda, Møre og Romsdal
Stort kart